IBX DEBUGGING
IBX User NOT ACTIVE
    if (Pageview.Area.ID != 3) { //not BSU }

    Anders Svor : selected sculptures

    Svendsen, Morten Johan
    Bestillingsklar
    Engelsk
    Veil. pris, kr. 349,00
    Din pris, kr. 349,00
       
    Totalt kr. 349,00
    Fritatt mva.
    Bilethoggaren Anders Svor (1864-1929) frå Hornindal er kjend for statuane og bystene sine. Han har mellom anna skapt portrettbyster av samtidsheltar som Fridtjof Nansen (1902, Nasjonalgalleriet) og Adolph Tidemand (1906, Kjerulfs plass i Oslo). I Oslo står også skulpturen Etter badet (1916) ved Bislett bad og Bølgen (1913) ved Skillebekk. I Porsgrunn finn vi Skibbrudd (1921), og Foyn-monumentet står i Svend Foyn sin fødeby Tønsberg.

    Svor var elev av Julius Middelthun på Kunstindustriskolen. I 1886, 21 år gamal, drog han til København og studerte ved København Kunstakademi. I åra 1886-1892 var han elev av Herman Vilhelm Bissen. Det store gjennombrotet fekk han i 1891 då han på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin fekk gullmedalje for skulpturen David. Svor budde i Paris i 1894/1895 før han slo seg til i Oslo der han arbeidde resten av livet.

    Svor etterlét ei samling som i 1941 vart gjeven vederlagsfritt til Hornindal kommune, og i 1953 vart Svormuséet opna. I samband med markeringa av at det i 2014 er 150 år sidan Anders Svor blei fødd, gir Skald ut bok om kunstnaren i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum.

    Boka er også utgitt i norsk utgåve.
    Utgitt 2014
    Språk Engelsk
    Utgave 1
    Varenummer/ISBN 9788279592167
    Forlagsinnbinding Innbundet
    Forlag Skald