IBX DEBUGGING
IBX User NOT ACTIVE
    if (Pageview.Area.ID != 3) { //not BSU }

    Alfred offshore

    Rutledal, Kurt
    Bestillingsklar
    Nynorsk
    Veil. pris, kr. 248,00
    Din pris, kr. 248,00
       
    Totalt kr. 248,00
    Fritatt mva.
    Kva vil det eigentleg seie å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Det er kanskje ikkje så mange som veit det, sjølv om ein har mor, far eller andre kjende som jobbar i Nordsjøen. Heldigvis var bamsen Alfred også nyfiken på dette, og då han fekk tilbod om å vere med ingeniør Kurt Rutledal på jobb, var han ikkje i tvil: Alfred skulle offshore! I denne boka får vi vere med han i det spennande møtet med dei ulike yrkesgruppene på Åsgard A på Haltenbanken i Norskehavet. Maskinistar, målarar, ingeniørar, sjukepleiarar, kokkar, reinhalds-arbeidarar og mange, mange fleire tok Alfred med på hans livs eventyr! Det er eit eige lite samfunn der ute, og vi får på nært hald oppleve kva dei jobbar med, kva dei gjer på fritida, kva dei et, korleis dei har det på lugaren osv. Med over 340 bilete er dette ei bok du verkeleg lever deg inn i. Kurt Rutledal (f. 1959) bur i Bulandet og er utdanna automasjonsingeniør. Han har vore tilsett i Statoil sidan februar 1986, først på Gullfaks A og så Gullfaks C, dei siste 12 åra på Åsgard A. Dette er fyrste boka hans.
    Betegnelse: I denne boka møter bamsen Alfred dei ulike yrkesgruppene på Åsgard A på Haltenbanken i Norskehavet.
    Utgitt 2010
    Språk Nynorsk
    Utgave 1
    Varenummer/ISBN 9788282400251
    Forlagsinnbinding Innbundet
    Forlag Selja forlag